Quiet Riot

Quiet Riot

OpphavUSA Los Angeles, California, USA
Periode1971–1980
1982–1989
1992–2003
2005–
Aktiv1973–
SjangerHeavy metal
Glam metal
PlateselskapPasha Records
MedlemmerKevin DuBrow (daud)
Frankie Banali
Chuck Wright
Alex Grossi

Quiet Riot er eit amerikansk heavy metal-band.

Bandet blei grunnlagt i 1973 av gitarist Randy Rhoads og bassist Kelly Garni. Bandet klarte ikkje å få platekontrakt i vesten på syttitalet, men gav ut to albuma Quiet Riot og Quiet Riot II i Japan.

Det store gjennombrotet kom i 1983. Bandet, no beståande av vokalist Kevin duBrow, gitarist Carlos Cavazon, bassist Rudy Sarzo og trommeslager Frankie Banali, gav då ut albumet Metal Health. Dette var det fyrste frå heavy metal-genren som gjekk til topps på den amerikanske Billboard-lista. Hovudsingelen, Cum on Feel the Noize (ein cover av Slade), nådde #5 på topp 100-lista for singlar, noko som på den tid var uhøyrt for eit heavy metal-band.

Året etter gav dei ut albumet Condition Critical, som langt i frå gjorde det like bra. Albumet blei kritisert for å vera for likt forgjengaren (dei hadde med ein annan Slade-cover her, Mama Weer all Crazee Now). Vokalist Kevin duBrow viste seg også å vera ein av bransjens mest storkjefta frontfigurar, og hadde i tida mellom albuma klart å framandgjere det meste av bransjen som skulle støtte opp om albumet.

Bandet fortsette vidare med varierande besetning, men klarte aldri å oppnå same momentum. Etter at vokalisten Kevin duBrow døydde i november 2007, er det lite sannsynleg at namnet vil bli nytta meir.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy