R

Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

Bokstaven R (r) er den 18. bokstaven i det latinske alfabetet og den 17. bokstaven i det greske alfabetet (Ρ, ρ). Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. Det semittiske namnet er resh, som tyder hovud, og i den opphavlege biletskrifta viste teiknet eit hovud. Grekarane kalla han rho og romarane er. Det matematiske teiknet for rot, √, er i røynda ein r og forkorting for det latinske radix, som tyder «rot».

Runealfabetet har r som femte rune i første ætt. I norsk vert han vanlegvis uttalt med tungespissen som vibrerer eller slår mot området bak fortennene («rulle-r»), eller med drøvelen mot baktunga («skarre-r»).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy