Ray Thomas | |||
Ray Thomas, 1970 | |||
Fødd | 29. desember 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stourport-on-Severn i England | ||
Død | 4. januar 2018 (76 år) | ||
Dødsstad | Surrey | ||
Fødenamn | Ray Thomas | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960–2002 | ||
Instrument | Fløyte, munnspel, obo, saksofon, tamburin, vokal | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | The Moody Blues, El Riot and the Rebels, Krew Cats | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, fløytist |
Ray Thomas (29. desember 1941–4. januar 2018)[1] var ein engelsk musikar som var best kjend som fløytist, songar og låtskrivar i rockebandet The Moody Blues.
Thomas var fødd i Stourport-on-Severn i Worcestershire vest i England. Han byrja å synge i ungdomskor tidleg i 1960-åra. Han starta også å spele munnspel i lag med bassgitarist og framtidig Moody Blues-medlem John Lodge i eit band. Dei to spelte i lag i El Riot and the Rebels. Etter nokre år vart klaverspelar og ven Mike Pinder, som òg spelte i Moody Blues, med i bandet òg. Thomas og Pinder (utan Lodge) spelte seinare i bandet Krew Cats. Dette bandet utvikla seg til den første inkarnasjonen av The Moody Blues.
I 1974 tok bandet ein pause og alle medlemmane laga soloalbum. Thomas gav ut albuma From Mighty Oaks (1975) og Hopes Wishes and Dreams (1976). Bandet gav i 1978 ut albumet Octave. Thomas medverka mindre og mindre utover i 1980-åra, og medverka ikkje i det heile til albumet Sur La Mer, sjølv om han var omtalt i plateomslaget.
Thomas trekte seg frå bandet i 2002.