Regnskogen i Amazonas

Regnskogen i Amazonas
Økoregion
Flyfoto nær Manaus
Land  Brasil,  Peru  Colombia,  Bolivia  Ecuador,  Venezuela  Fransk Guyana,  Guyana  Surinam
Del av Sør-Amerika
Areal 5 500 000 km²
Folketal 34 000 000[1]
Wikimedia Commons: Amazon Rainforest

Regnskogen i Amazonas er ein økoregion i eit fuktig tropisk regnskogsbiom som dekkjer det meste av Amazonasbekkenet i Sør-Amerika. Dette nedbørsfeltet omfattar ca. 7,3 millionar km²,[2][3] kor 5,5 millionar km² er dekt av regnskogen. Regionen inkluderer territorium som tilhøyrer ni nasjonar og 3 344 formelt anerkjende urfolksterritorium.

Størstedelen av skogen, 60 %, er i Brasil, følgt av Peru med 13 %, Colombia med 10 %, og med mindre mengder i Bolivia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Surinam og Venezuela. Fire nasjonar har «Amazonas» som namnet på ein av dei administrative regionane sine på første nivå, og Frankrike bruker namnet «Guiana Amazonian Park» for verna regnskogområde i Fransk Guyana. Amazonas representerer over halvparten av jordas attverande regnskogar,[4] og omfattar den største og mest biologisk mangfaldige delen av tropisk regnskog i verda, med om lag 390 milliardar individuelle tre fordelt på rundt 16 000 artar.[5]

Meir enn 30 millionar menneske av 350 ulike etniske grupper lever i Amazonas, som er delt inn i 9 ulike nasjonale politiske system og 3344 formelt anerkjende urfolksterritorium. Urfolk utgjer 9 % av den totale befolkninga, og 60 av gruppene held stort sett fram med å leve isolerte.[6]

Storskala avskoging skjer i regnskogen, og skaper ulike skadeverknader. Økonomiske tap på grunn av avskoging i Brasil kan vere omtrent 7 gonger høgare samanlikna med kostnadene for alle varer produserte gjennom avskoging. I 2023 publiserte Verdsbanken ein rapport som foreslo eit ikkje-avskogingsbasert økonomisk program i regionen.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://wwf.panda.org/wwf_news/?270090/WWF-Living-Amazon-Report-2016.
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet definisjon
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AmazonRiver
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet wwl2016
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet eurekalert.org
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet panda.org-1

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy