Renaissance

Renaissance

Renaissance i 2012. Med klokka frå øvst til venstre: Jason Hart, David J. Keyes, Rave Tesar, Frank Pagano, Michael Dunford og Annie Haslam
OpphavLondon i Storbritannia
Aktiv
  • 1969–1987
  • 1998–2002
  • sidan 2009
SjangerProgressiv rock
Tilknytte artistar
Plateselskap

Renaissance er ei engelsk progressiv rockegruppe, mest kjend for den britiske hitten sin «Northern Lights» frå 1978 og progrockklassikarar som «Carpet of the Sun», «Mother Russia» og «Ashes Are Burning». Dei utvikla ein unik stil der dei kombinerte ein kvinneleg vokalist med ei blanding av klassisk musikk, folkemusikk, rock og jazz.[1] Dei karakteristiske elementa i stilen til Renaissance er den vide vokalrekkjevidda til Annie Haslam, mykje bruk av piano, orkesterarrangement, vokalharmoniar, akustisk gitar, bassgitar, synthesiser og allsidige trommer. Bandet fekk ein trufast fans nordaust i USA i 1970-åra.

Den originale besetninga inkluderte to tidlegare medlemmar i The Yardbirds, Keith Relf og Jim McCarty, i tillegg til John Hawken, Louis Cennamo og syster til Relf, Jane Relf. Dei hadde planar om å «setje saman noko med meir klassisk påverknad».[2] Renaissance vart fødd og bandet gav ut eit studioalbum i 1969, og eitt til i 1971. John Tout erstatta så Hawken på klaverinstrument, etterfølgd av ein periode med mykje utskifting av personellet i bandet før den klassisk besetninga oppstod med Annie Haslam, John Tout, Michael Dunford, Jon Camp og Terry Sullivan, sjølv om ingen av dei var i det originale bandet. Tekstane til mange av songane deira vart skrivne av diktaren Betty Thatcher-Newsinger frå Cornwall. Frå 1972 til 1979 gav Renaissance ut sju suksessrike studioalbum, turnerte mykje og selde ut tre konsertar på rad i Carnegie Hall med Tony Cox som dirigent for New York Philharmonic.[3]

I 1980-åra gjekk det dårlegare med fleire besetningsendringar, og to relativt mislukka studioalbum. Dette førte til at bandet vart oppløyst i 1987. To forskjellige avleggjarar av Renaissance eksisterte samstundes i ei tid i midten av 1990-åra. Bandet kom saman att i 1998 for å spele inn Tuscany, som til slutt kom ut i 2001. Bandet vart derimot oppløyst att året etter.

I 2009 kom ei ny besetning av Renaissance saman att, leia av Haslam og Dunford, og sidan den gongen har bandet halde fram å spele inn musikk og turnere. Dunford døydde brått i november 2012. Seinare sa Haslam at bandet kom til å halde fram. Den noverande besetninga er ikkje så engelsk som i den tidlege perioden deira, med fem amerikanskfødde medlemmar og eitt engelskfødd medlem som bur i USA. I april 2014 gav Renaissance ut studioalbumet Symphony of Light.

  1. Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 63. ISBN 978-0-615-17566-9
  2. Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 130. ISBN 978-0-87930-991-6
  3. Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 233. ISBN 978-0-615-17566-9

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy