Richard Temple, 1. vicomte Cobham | |||
| |||
Fødd | 24. oktober 1675 Parchim | ||
---|---|---|---|
Død | 13. september 1749 (73 år) | ||
Statsborgar av | Kongeriket Storbritannia | ||
Parti | Whigpartiet | ||
Yrke | militær, politikar | ||
Utdanna ved | Eton College | ||
Mor | Mary Knapp | ||
Far | Sir Richard Temple, 3rd Baronet | ||
Ektefelle | Anne Halsey | ||
Alle verv |
|
Richard Temple, 1. vicomte Cobham PC (24. oktober 1675–14. september 1749) var ein britisk soldat, feltmarskalk og Whig-politikar. Han var som eigar av Stowe House og for å tene som politisk mentor for den unge William Pitt.
I militæret utmerkte han seg under felttoga til Hertugen av Marlborough i den spanske arvefølgjekrigen, særleg under omleiringa av Lille i 1708.
Då kong Georg I tok over trona, gav han Temple forskjellige adelstitlar, først baron Cobham i 1714, så vicomte av Cobham og baron Cobham i 1718. Cobham vart Privy Councillor i 1716.[1]
I 1719, under kvadrupelalliansekrigen leia han 4000 soldatar i eit raid på den spanske kysten, der han erobra Vigo og okkuperte byen i ti dagar før han trekte seg attende.[2]
Som politikar støtta Temple Whig-partiet, og han vart Lord Lieutenant av Buckinghamshire og guvernør på Jersey (1723–1749). I 1742 vart han feltmarskalk.