Ris

Riskorn på risplanten, Oryza sativa
Ein bolle kokt ris.
Brune riskorn.

Ris er eit kornslag som ein får frå to artar i risslekta (Oryza), vanleg ris frå Aust-Asia (O. sativa) og afrikansk ris (O. glaberrima) frå Vest-Afrika. I tillegg finst det ein del villristypar som minner om ris frå slektene Zizania og Porteresia. Det finst over 8 000 ulike variantar av ris som blir dyrka i over 100 land.[1]

Ris er rekna som eit av dei viktigaste kornslaga i verda. Tre milliardar menneske får halvparten av det daglege kalori-inntaket sitt frå ris.[1] Det er det einaste hovudnæringsmiddelet for nesten 50 % av menneskja. Til skilnad frå andre kornslag vert meir enn 95 % av rishausten eten av menneske og ikkje andre dyr. Nokre asiatiske språk bruker det same ordet for både 'ris' og 'mat'.

Ris kan etast som enkel kokt ris med noko attåt eller som del av ein rett som steikt ris, risgraut eller riskrem eller malen til mjøl og brukt i kaker, pannekaker, dessertar og anna. Kornet kan også brukast til å bryggja øl, vin (sake) og brennevin (arak).[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 «ris» (28. desember 2014) av Einar Kr. Holtet i Store norske leksikon, snl.no.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy