Roger Waters | |||
| |||
Fødd | 6. september 1943 (81 år) i Surrey i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Great Bookham | ||
Fødenamn | George Roger Waters | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1964 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, psykedelisk rock, opera | ||
Instrument | Vokalist, bassgitar, gitar | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | Pink Floyd | ||
Plateselskap | Capitol Columbia Sony EMI Harvest | ||
Verka som | Musikar | ||
Mor | Mary D. Whyte | ||
Far | Eric Fletcher Waters | ||
Gift med | Judith Trim, Carolyne Christie, Kamilah Chavis | ||
Born | Harry Waters, India Waters |
George Roger Waters (fødd 6. september 1943) er ein engelsk rockemusikar, songar, bassist, gitarist, låtskrivar og komponist. Han er mest kjend for karrieren sin med bandet Pink Floyd frå 1965 til 1985 der han var medlemmet som skreiv flest songar, spelte bass og var ein av fleire vokalistar. Han var òg hjernen bak fleire av bandet sine konseptalbum og mange av symbola knytte til Pink Floyd (som grisar og marsjerande hammarar)
Etter han forlet Pink Floyd byrja han på ei moderat suksessrik solokarriere og har gjeve ut tre studioalbum, og arrangert ein av dei største konsertane nokonsinne, The Wall-konserten i Berlin i 1990. I 2005 gav han ut operaen Ça Ira og vart gjenforeint med Pink Floyd for ein enkelt opptreden på Live 8-konserten i London, 2. juli 2005. Det var den første opptredenen deira i lag på 24 år.