Rokokko

Rokokkoskulptur av den heilage Notburga, vernehelgen for tenarar.

Rokokko er ein kunsthistorisk stilart som opphavleg oppstod i Frankrike tidleg på 1700-talet.[1] Perioden kom etter barokken og blei avløyst av nyklassisismen.[1][2] Han er kjenneteikna av lette, elegante former inspirerte av naturen, og bruker gjerne leikande, usymmetriske former som står i kontrast både til den regelbundne barokken og den strenge nyklassisismen.[3]

Namnet «rokokko» er avleidd av det franske rocaille, eit namn på skjellpynt ein nytta på kunstige grotter. Stilen oppstod under kong Ludvig XV av Frankrike, og på fransk har han ofte namnet Louis-quinze. I England har den tilsvarande stilen namn etter dei fire kongane kalla Georg, og er kjend som Georgian. Omgrepet rokokko blei særleg brukt i Norden og Tyskland.

Rokokkostilen voks fram i Paris i 1720- og 1730-åra. Han spreidde seg i Europa gjennom dei neste tiåra, og fekk ei stordomstid på 1760-talet. I Noreg blei stilen gjeldande frå 1750-talet, og blei halden ved like i lang tid deretter i bondesamfunnet, til dømes gjennom rosemåling.[2]

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet engelstad
  2. 2,0 2,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Britannica

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy