Ron McClure

Ron McClure

Ron McClure på Bach Dancing & Dynamite Society i Half Moon Bay i California, 21. juni 1987
Fødd22. november 1941 (82 år)
FødestadNew Haven i Connecticut i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1965
SjangerJazz, jazzrock
InstrumentBass
Tilknytte artistarBlood, Sweat & Tears
PlateselskapBellaphon, Ken, Steeplechase
Verka somMusikar, lærar

Ron McClure (fødd 22. november 1941) er ein USA-amerikansk jazzbassist.

McClure byrja å spele i Buddy Rich Sextet i 1963. Han vart så med i bandet til Maynard Ferguson og sidan Herbie Mann i 1964; før han tok over rolla som bassist i Wynton Kelly Trio. Frå 1966 til 1969 var han medlem av kvartetten til Charles Lloyd med pianisten Keith Jarrett og trommeslagaren Jack DeJohnette,[1] som vart stemt fram til «årets gruppe» i 1967 av magasinet Downbeat.

I 1970 var han med å skipe jazzrockgruppa The Fourth Way. Han spelte òg med Carla Bley og saksofonisten Joe Henderson. I 1974 vart McClure med i Blood, Sweat & Tears, der han var fram til 1975 og spelte på tre album med dei: Mirror Image, New City og In Concert.

I 1980-åra var han medlem av Quest.[2] Han spelte òg inn eit album i lag med pianisten Michel Petrucciani. I 1990- og 2000-åra spelte McClure hovudsakleg med Lee Konitz, og så i ei ny utgåve av

  1. May, Chris (18. august 2008). «Dream Weaver - The Charles Lloyd Anthology - The Atlantic Years 1966-1969». All About Jazz. Henta 11. mai 2020. 
  2. Kelman, John (13. april 2007). «Redemption - Quest Live in Europe». All About Jazz. Henta 11. mai 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy