Ronnie Ross | |||
Fødd | 2. oktober 1933 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Calcutta i India | ||
Død | 12. desember 1991 (58 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | Albert Ronald Ross | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1950-1991 | ||
Sjanger | Jazz | ||
Instrument | Barytonsaksofon | ||
Verka som | Musikar |
Albert Ronald Ross (2. oktober 1933–12. desember 1991) var ein britisk jazz-saksofonist.
Han var fødd i Kolkata i India av skotske foreldre og flytta til England i 1946. Han byrja å spele tenorsaksofon i 1950-åra med Tony Kinsey, Ted Heath og Don Rendell. Medan han spelte med Rendell byta han til barytonsaksofon. Han spelte på Newport Jazz Festival i 1958 og skipa ei gruppe kalla The Jazz Makers med trommeslagaren Allan Ganley same året. Han turnerte i USA i 1959 og Europa seinare det året med Modern Jazz Quartet. Frå 1961 til 1965 spelte han med Bill Le Sage, og seinare med Woody Herman, John Dankworth, Friedrich Gulda og Clark Terry.
Ross var saksofonlærar for ein ung David Bowie, spelte barytonsaksofon på The Beatles-songen «Savoy Truffle» frå White Album og fleire år seinare spelte han saksofonsoloen på Lou Reed-songen «Walk on the Wild Side», som var samprodusert av Bowie. Han var òg gjesteartist på fleire album av Matt Bianco.
Ross døydde av kreft i London, 58 år gammal.