Royal Society

Royal Society

Skipa28. november 1660
HovudkontorLondon, Storbritannia
PresidentSir Paul Nurse
Omsetjing111 693 000 britisk pund (2019, 2019) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar1 858 000 britisk pund (2021) Sjå dette på Wikidata
Tilsette200 (2019, 2019) Sjå dette på Wikidata
Medlemmer1350 Fellows
140 Foreign Members
7 Honorary Fellows
5 Royal Fellows
MottoNullius in verba
(latin for 'ta ingens ord for det')
Nettstadwww.royalsociety.org
Lokala til Royal Society, 6–9 Carlton House Terrace, London (berre dei første fire etasjane).

Royal Society i London er eit vitskapssamfunn som vart grunnlagt i 1660 ved Gresham College i London rett etter ei forelesning av Christopher Wren.[1] Samfunnet blir nemnt første gongen som «kongeleg» påfølgjande år, og gjer hevt på å vere det eldste lærde samfunnet i sitt slag som enno eksisterer. Det tyske vitskapsakademiet Leopoldina gjer krav på å vere det eldste kontinuerlege og eksisterande samfunnet sidan den noverande organisasjonen sporar røtene si tilbake til danninga i 1652 av det som då vart kalla for Academia Naturae Curiosorum. Likevel vart Royal Society gjeve kongeleg charter i 1660 og Leopoldina i Tyskland vart ikkje offisielt gjeve charter før i 1687. Nært tilknytt er Royal Irish Academy, grunnlagt i 1782. Royal Society of Edinburgh er derimot eit sjølvstendig skotsk akademi.

Royal Society fungerer som det nasjonale vitskapsakademiet i Storbritannia og utgjer ein medlemsorganisasjon i Science Council (det britiske vitenskapsrådet). Medlemstalet er 1240 (fellows – forkorta som FRS og blir plassert etter namna til medlemmane) som blir valde blant vitskapsfolk i Storbritannia, Irland og Samveldet av nasjonar. Forskarar frå andre land kan òg veljast til ein av dei 125 stolane for utanlandske medlemmar (foreign membersForMemRS).

Det fulle namnet til vitskapssamfunnet er «The Royal Society of London for the Improvement of Natural Knowledge», men det vert som regel berre kalla the Royal Society, eller sjølv berre the Royal. Det fungerer som eit vitskapsakademi for Storbritannia og mottek finansiering frå regjeringa. Medlemskapar, gjeve for livet, blir løna til vitskapelege forskarar etter at dei er valde av eksisterande medlemmar, og det vert rekna som ei stor ære. Svenske Carl von Linné (1707–1778), vart utanlandsk medlem den 3. mai 1753.

  1. «History of the Royal Society»

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy