Rullebrett

Stor fart og høge hopp på rullebrett i særskilde tillaga baner.
Ein rullebrettkøyrar.

Rullebrett, skeitebrett eller skateboard er eit smalt, avlangt brett med to par små hjul, nytta til å stå på i fart for å kome seg fram eller gjere ulike triks og hopp. Farta får rullebrettkøyraren ved å stå på brettet med eine foten og sparke frå med den andre, eller å køyre utfor bakkar av ulike slag. Det finst òg eigne baner for rullebrettkøyring, og det vert halde konkurransar, mellom anna noregsmeisterskap.

Kjende kommunale innandørshallar for rullebrettkøyring finst i Bergen (Fysak ved Slettebakken haldeplass på Bybanen), i Drammen (Nøstedhallen på vegen mot Svelvik), i Bærum (Arena på Bekkestua) og i Oslo (Oslo Skatehall, Stavangergata 28 på Voldsløkka). Store friluftsanlegg finst på Månejordet i Larvik, på Koigen i Hamar, rett attmed jarnbanestasjonen i Gjøvik og Dyveke bru i Gamlebyen i Oslo. Frå 2016 er det òg ein innandørshall i eit tidlegare hamneskur, Skur 13, på Filipstad i Oslo. Elles finst det mange større og mindre anlegg og innandørsbaner fleire stader ikring i landet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy