Rwanda

Repubulika y'u Rwanda
République Rwandaise
Republic of Rwanda

(norsk: Rwanda, rwandisk)

Det rwandiske flagget Det rwandiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Rwanda nziza»
Motto Fridom, samarbeid, framsteg
Geografisk plassering av Rwanda
Offisielle språk Kinyarwanda, fransk, engelsk
Hovudstad Kigali
Styresett
Republikk
Paul Kagame
Pierre Habumuremyi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
26 338 km² (146.)
5,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
11 901 484 (73.)
451,9 /km² (14.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Belgia
1. juli 1962
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
20 320 mill. USD (139.)
2 000 USD (174.)
Valuta Rwandisk franc
Tidssone UTC +2
Telefonkode +250
Toppnivådomene .rw


Rwanda er ein republikk sentralt i Afrika. Landet er eit av dei minste på det afrikanske fastlandet, og grensar mot Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo), Uganda, Tanzania og Burundi. Rwanda har over tolv millionar innbyggjarar fordelt på 26 338 km², noko som gjer landet til eit av dei tettast folkesette i Afrika. Hovudstaden er Kigali, som ligg sentralt i landet. Rwanda ligg like sør for ekvator, og landskapet er prega av fjell i vest og savannar i aust, og over heile landet finst det mange innsjøar. Landet har eit tropisk klima, med to regntider og to tørketider kvart år.

Kart over Rwanda

Folkesetnaden er ung, og dei fleste av innbyggjarane i landet bur i landlege område. Innbyggjarane er i hovudsak samansett av dei tre etniske gruppene hutu, tutsi og twa. Den største religionen i landet er kristendom, og det meste utbreidde språket er njaruanda. Engelsk, fransk og swahili har òg offisiell status. Landet er ein republikk med presidenten som statsoverhovud. Den sitjande presidenten er Paul Kagame, som har sete i vervet sidan 2000. Rwanda er eitt av berre tre land i verda med kvinneleg fleirtal i parlamentet, saman med Bolivia og Cuba. Landet har sidan 2006 vore inndelt i fem provinsar.

Området blei folkesett av jegerar og samlarar i stein- og jernalderen, og seinare av bantufolk. Rwanda var opphavleg eit kongedøme, og var styrt av eit aristokrati av tutsiar. Landet blei kolonisert av Tyskland i 1884 som ein del av Tysk Austafrika saman med Tanzania og Burundi, og deretter av Belgia, som invaderte landet i 1916 under fyrste verdskrigen. Etter første verdskrigen blei området som dekker dagens Rwanda og nabolandet Burundi avstått som krigsutbytte til Belgia. Begge dei europeiske nasjonane støtta tutsiane, og i 1959 gjorde hutuane opprør, som enda med at mange tutsiar blei drepne. I 1962 blei det skipa ein sjølvstendig, hutu-dominert republikk. Aukande etniske konfliktar mellom hutuane og tutsiane førte fram til folkemordet i Rwanda i 1994, der eit anslått tal på 500 000–1 000 000 tutsiar og moderate hutuar blei drepne.

Økonomien i landet leid kraftig som følgje av folkemordet i 1994, men har sidan henta seg opp. President Kagame gjennomførte fleire tiltak for å modernisera økonomien i landet. Omtrent 90 % av innbyggjarane er sysselsette i landbruket, som for det meste er sjølvbergingsjordbruk. Dei viktigaste eksportvarene er kaffi og te. Landet har få naturressursar og lite utvikla industri. Fleire turistar har byrja å koma til Rwanda, særleg for å oppleva naturen i landet. Musikk og dans er sentralt i den rwandiske kulturen, med trommer som det viktigaste instrumentet. Tradisjonell kunst og kunsthandverk blir produsert over heile landet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy