Sachsen

Freistaat Sachsen
forbundsland
Symbol
Land  Tyskland
Hovudstad Dresden
Areal 18 415,66 km²
Folketal 4 086 218 (31. oktober 2022)[1]
Grunnlagd 1918
Språk Tysk, òg sorbisk i enkelte krinsar
Kart
Sachsen
51°01′37″N 13°21′32″E / 51.026944444444°N 13.358888888889°E / 51.026944444444; 13.358888888889
Wikimedia Commons: Saxony

Fristaten Sachsen (tysk Freistaat Sachsen, sorbisk Swobodny Stata Sakska) er eit forbundsland i Tyskland. Hovudstaden er Dresden, arealet er 18 416 km² og folketalet 4 086 218 i 2022. Sachsen ligg nord for det tsjekkiske landskapet Böhmen og grensar til den polske delen av Nedre Schlesien, til Bayern, Thüringen, Sachsen-Anhalt og Brandenburg. Sachsen har ein meir enn tusenårig historie som hertugdømme, kurfyrstedømme og kongerike. I 1918 vart Kongeriket Sachsen omdanna til Fristaten Sachsen. Fristaten vart oppløyst under kommunisttida da den hamna i DDR. Han vart gjenoppretta i 1990 innanfor hovudsakleg dei same grensene som før.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bevölkerung des Freistaates Sachsen jeweils am Monatsende ausgewählter Berichtsmonate nach Gemeinden». Henta 18. februar 2023. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy