Saltvatn

Fordelinga av grunnstoff i havet
(etter masse):
Oksygen 85,7 %
Hydrogen 10.8 %
Klor 1,9 %
Natrium 1,05 %
Magnesium 0,135 %
Svovel 0,0885 %
Kalsium 0,04 %
Kalium 0,038 %
Brom 0,0065 %
Karbon 0,0026 %
Alle hav inneheld saltvatn.

Saltvatn er vatn med ein større mengd oppløyste salt. Ein reknar vatn med ein salinitet på 35 promille salt eller meir som saltvatn. Saltvatn finst hovudsakleg i hava, men ein finn det også i innsjøar med lite tilsig, som Dødehavet eller Kaspihavet. Det finst òg meromiktiske innsjøar med saltvatn nær botn, til dømes Rørholtfjorden (ein arm av innsjøen Tokke).

I snitt har hava eit saltinnhald på 3,5 %, det vil seie at ein finn 35 gram salt i ein liter havvatn. Det er likevel forskjell mellom ulike hav; austre delen av Finskebukta og nordenden av Botnvika, begge i Austersjøen, er dei minst salthaldige delane av verdshava, medan Raudehavet har høgast innhald av salt.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy