Samar

«same» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå same (fleirtyding).
Det samiske flagget.
Samisk familie i Finland i 1936.

Samar (tidlegare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsakleg høyrer heime i høgfjellsområda mellom Noreg og  Sverige, på Nordkalotten og på Kolahalvøya.

Samane som folkegruppe oppstod med det samiske språket, som oppstod i området mellom Sør-Finland og dei store sjøane i Karelen rundt byrjinga av vår tidsrekning, då vestleg uralsk delte seg i uraustersjøfinsk i sør og ursamisk i nord. Seinare spreidde samisk seg nordover, vestover og sørover, og erstatta eit tidlegare språk, som sette tydelege spor i samisk. I sør vart så samisk assimilert av finsk i løpet av det andre tusenåret av vår tidsrekning.

På grunn av assimileringspolitikken ovafor samane frå slutten av 1800-talet og framover er det vanskeleg å seie kor mange samar som finst. Eitt overslag er at det i det samiske befolkningsområdet bur om lag 75 000 samar. I overkant av ein tredel av desse snakkar ulike samiske språk, framfor alt nordsamisk.

Tradisjonelle samiske levevegar inkluderer reindrift, der dei følgjer etter store reinflokkar på beitevandring, kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid (i Noreg), og innlandsfiske (som t.d. i Enare).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy