Samfunnsgeografi

Samfunnsgeografi (tidlegare også kulturgeografi, i dag også regional samfunnsanalyse) er eit av to hovudfelt i geografifaget. Den andre er naturgeografi. Samfunnsgeografi fokuserer på korleis menneskeleg aktivitet er organisert frå eit geografisk perspektiv. Fagfeltet kan delast inn i fleire greiner som dels overlappar kvarandre, som befolkningsgeografi, bygeografi, økonomisk geografi, jordbruksgeografi, transportgeografi, rekreasjonsgeografi og sosialgeografi.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy