Samveldet av uavhengige statar

Samveldet av uavhengige statar

Skipa8. desember 1991
HovudkontorMinsk
Nettstadhttps://e-cis.info/ Sjå dette på Wikidata
Flagget til SUS.
Kart over landa som er med i SUS.

Samveldet av uavhengige statar (SUS) (russisk Содружество Независимых Государств (СНГ) – Sodruzjestvo Nezavisimykh Gosudarstv) er ein konføderasjon eller allianse som består av tolv av dei tidlegare 15 sovjetrepublikkane, noverande statane, som utgjorde Sovjetunionen. Landa som ikkje er med, er dei tre baltiske statane Estland, Latvia og Litauen. I tillegg har landet Georgia vedteke å melde seg ut av SUS.

Hovudkvarteret ligg i Minsk i Kviterussland. Danninga av SUS markerte at Sovjetunionen var blitt oppløyst.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy