Sandstein | |||
| |||
Kjenneteikn | |||
---|---|---|---|
Gruppe | sedimentær | ||
Hovudmineral | kvarts, feltspat, kalk | ||
Identifikasjon | |||
Bruksområde | Byggjemateriale, heller, kvernstein, slipestein, bryn | ||
Tettleik | 2,4-2,6 | ||
Anna | Viktig reservoarbergart for petroleumsutvinning |
Sandstein er ein sedimentær bergart hovudsakleg danna av sandkorn som er bundne saman med eit mineralsk bindemiddel. Han finst i ulike fargar, vanlegvis i eit spekter frå gråkvit til raudbrun.
Som med vanleg sand er hovudbestanddelen i bergarten kvarts og feltspat, sidan dette er dei vanlegaste minerala i jordskorpa. Bindemiddelet er som regel utfelt kvarts, kalk, leire eller jernsambindingar. Visse sandsteinar har holrom mellom korna som ikkje er heilt fylt av mineralavsettingar. Desse kan innehalda vatn eller petroleum.