Seglskutetida

Slaget ved Scheveningen 1653, målt av nederlandske Jan Abrahamsz.Beerstraten. Tilhøyrar Rijksmuseum Amsterdam.
Krigsskip, illustrasjon frå Cyclopedia 1728.

Seglskutetida viser til perioden då seglskuter var dominerande som transportmiddel på sjøen. Omgrepet er i bruk på mange språk, og viser minst til tida frå siste halvdel av 1500-talet til midten av 1800-talet. Utbreidd bruk av seglskip til handel og krigføring var eit kjenneteikn for tidleg moderne tid[1] og oppdagingstida, sistnemnde frå eit europeisk synspunkt der seglskip blei nytta til utforsking og transport mellom dei ulike verdsdelane.[2]

Det er enklare å slå fast kva tid seglskutetida slutta enn kva tid ho byrja. Seglskuter blei avløyste av dampskip og samstundes blei transport over land meir effektiv med jarnbane og motorisert biltrafikk på vegar. Byrjinga til perioden er vanskeleg å slå fast fordi det krev kunnskap om utviklinga til skipstypane, og overgangen frå båt til skip.

  1. «The Age of Sail». HMS Trincomalee. Arkivert frå originalen 16. mars 2016. Henta 12. april 2016. 
  2. Gaynor, Jennifer L. (2013). «Ages of Sail, Ocean Basins, and Southeast Asia». Journal of World History (Project Muse) 24 (2): 309–333. ISSN 1527-8050. doi:10.1353/jwh.2013.0059. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy