Sentrum i politikk

Når ein snakkar om politikk er sentrum ei skildring av kva for politisk retning ein person eller eit parti tradisjonelt sett høyrer til. Utanom sentrum snakkar vi, i tradisjonell politikk, òg om venstresida og høgresida.

Den første kjende inndelinga i ei politisk høgre- og venstreside finn vi i det første franske parlamentet (Etter den franske revolusjonen). Der vart dei mest «radikale» (dei som t.d. ville innføre allmenn røysterett for menn) plasserte til venstre for talarstolen og dei meir «konservative» (Dei som ynskte å bremse den revolusjonære utviklinga) plasserte til høgre for talarstolen. Dette har til dels vore malen for vidare bruken av inndeling i politisk høgre og venstre. Etter at inndelinga i høgre og venstre vart malen i europeisk politikk, dukka òg det meir uklåre uttrykket sentrum opp.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy