Separate Ways (Worlds Apart)

Separate Ways (Worlds Apart)
Singel av Journey
frå albumet Frontiers
B-side

Frontiers

Utgjeve 5. januar 1983
Innspelt 1982
Sjanger Hardrock
Lengd 5:24 (album)
4:21 (singel)
Selskap Columbia
Tekstforfattar Steve Perry
Låtskrivar(ar) Jonathan Cain, Steve Perry
Produsent Kevin Elson, Mike Stone
Journey-kronologi 
«Only Solutions»
(1982)
Separate Ways (Worlds Apart) «Faithfully»
(1983)


«Separate Ways (Worlds Apart)» er ein song av Journey for albumet deira Frontiers frå 1983. Han vart gjeven ut på singel 5. januar 1983. Singelen låg seks veker i rad på åttandeplassen på Billboard Hot 100-lista, og fire veker på toppen av Top Tracks-lista.[1]

For å få songen vist på MTV filma bandet den første konseptvideoen sin. Det vart på mange måtar ei vanskeleg oppleving og resultatet er blitt kalla ein av dei verste vidoane gjennom tidene.[2]

Songen vart nytta i Disney-filmen Tron: Legacy (2010), oppfølgjaren til den Oscar-nominerte filmen Tron, og vart òg nytta i videospelet Journey av Midway Games i 1983. Songen vart nytta som ringetone av rollefiguren Carl Allen, hovudpersonen i komedien Yes Man (2008).

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 335.
  2. «Journey on the Video Set». Arkivert frå originalen 19. oktober 2016. Henta 1. juni 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy