Sibir (russisk Сиби́рь) er ei nemning på eit stort område i den austlege delen av Russland og delar av Kasakhstan. Sibir strekkjer seg heilt frå Uralfjella i vest til Stillehavet, og utgjer mestedelen av det nordlege Asia. Sibir utgjer om lag 77 % av landområdet til Russland, men berre 30 % av innbyggjartalet. Størsteparten av innbyggjarane på 42,2 millionar held til langs Den transsibirske jarnvegen som går tvers gjennom Sibir, frå Moskva til Vladivostok ved stillehavskysten. Dei største byane er Novosibirsk, Jekaterinburg, Omsk og Tsjeljabinsk.