Sider

Eit glas amerikansk sider.

Sider er ein epledrikk eller -vin som gjerne blir laga i område der ein dyrkar mykje eple. Nordvest-Frankrike, Nord-Spania, delar av Storbritannia, Nord-Amerika og Tyskland har særleg lange sidertradisjonar. Her har ein dyrka fram eplesortar som er særs egna for siderproduksjon. Namnet sider kjem frå det hebraiske ordet sjekar, som tyder sterk drikk.

Alkoholinnhaldet i sider kan vera frå null i ugjæra typar og opptil 8 % i typar som har gjæra ved høg temperatur. Det er vanleg å halda temperaturen mellom 4 og 16C for å få til ein sein gjæringsprosess som framhevar den rike eplesmaken.

Ved å destillera sider kan ein laga eplebrennevin, som calvados eller applejack. Den franske drikken pommeau er ei blanding av sider og calvados som blir drukke som aperitiff.

Ein kan òg laga sideraktige drikkar av andre fruktsortar, som pære og fersken.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy