Situasjonskomedie

Situasjonskomedie (engelsk teleskopord sitcom) er komediesjangrar som har faste gjennomgangsfigurar som delar eit felles miljø, som ein heim eller ein arbeidsstad, og dei involverte figurane hamnar i morosame situasjonar og nyttar ein humoristisk dialog seg imellom.[1][2] Nokre døme er amerikanske Cosby med familie, ein tv-serie om ein afroamerikansk familie, eller Friends eller Venner for livet som tok for seg seks venner, tre av kvart kjønn i same alder, som meir eller mindre budde saman. Slike program har opphavet sitt i radio, men er særleg blitt populær underhaldning på fjernsynet som ei dominerande forteljarform. Norske døme er Mot i brøstetTV 2 og Side om sideNRK. Denne forma for komediar inkluderer òg liksom-dokumenterer som Kontoret med Ricky Gervais.

Den fyrste situasjonskomedien på TV blir hevda å vera Pinwright's Progress, med ti episodar som blei viste på BBC i Storbritannia mellom 1946 og 1947.[3][4] I USA er regissøren og produsenten William Asher blitt rekna som «mannen som oppfann sitcom» Han regisserte over to dusin ulike situasjonskomediar, inkludert den nær evigvarande I Love Lucy med Lucille Ball frå 1950-talet og fram til 1970-talet.[5]

  1. «sitcom», Merriam-webster
  2. «sitcom», Collins Dictionary
  3. «Pinwright's Progress». Comedy.co.uk.
  4. Lewisohn, Mark (2003): «Radio Times Guide to TV Comedy». BBC Worldwide Ltd.
  5. «William Asher - The Man Who Invented the Sitcom», Palm Springs Life, desember 1999

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy