Skatt

Skatt (av norrønt skattr[1]) er ytingar frå private til det offentlege utan konkret vederlag. Fråværet av formelt konkret vederlag skil skattar frå betalingar for offentlege tenester (gebyr). Hovudformålet med skattar er å finansiera offentleg forbruk og investeringar, og overføringar til privat sektor.[2]

Skattar vert ofte delte inn i direkte og indirekte skattar. Direkte skattar skal råke den som formelt er ilagd skatten. Typiske direkte skattar er skatt på inntekt og skatt på formue. Ved indirekte skattar skal den som formelt er ilagd skatten, kunna velta skattebyrda over på kjøparen gjennom eit påslag i prisen. Typiske indirekte skattar er meirverdiavgift og særavgifter.

Dei fleste skattar fører til at produsentar og forbrukarar vel ein annan samansetnad av konsum og produksjon enn dei ville ha gjort utan skattar. Slike skattar vert kalla vridande skattar og kan føra til eit samfunnsøkonomisk tap ved at ressursbruken vert mindre effektiv. Nøytrale skattar påverkar ikkje samansetnaden av konsum og produksjon, medan effektivitetsfremjande skattar er med på å gje meir effektiv ressursbruk.

Meir om det norske skattesystemet: Skatt i Noreg.

På skatteoppkrevjaren sitt kontor. Anonymt etter de Marinus Van Reymerswaele (1575-1600). Kunstmuseet i Nancy.
  1. «skatt» i Nynorskordboka.
  2. Zimmer, Frederik (2009). Lærebok i skatterett (6 utg.). Oslo: Universitetsforlaget. s. 27. ISBN 9788215015897. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy