Slade

Slade

Slade i november 1973; venstre til høgre: Jim Lea, Don Powell, Noddy Holder og Dave Hill
AliasThe N'Betweens (1966–1969)
Ambrose Slade (1969)
The Slade (1969–1970)
Slade II (1992–2002)
OpphavWolverhampton i Staffordshire i England
AktivSidan 1966
Sjanger
PlateselskapFontana, Polydor, Cotillion, RCA, CBS, Cheapskate, Barn
Tidlegare medlemmerNoddy Holder
Jim Lea
Don Powell
Steve Whalley
Steve Makin
Trevor Holliday
Dave Glover
Craig Fenney
Mal McNulty

Slade er eit engelsk rockeband skipa i Wolverhampton i 1966. Dei vart slo gjennom i glamrocktida tidleg i 1970-åra,[1] og fekk 17 topp 20-hittar på rad og seks av dei gjekk til topps på UK Singles Chart. British Hit Singles & Albums kåra dei til den mest suksessrike britiske gruppa den mest suksessrike i 1970-åra basert på singelsal. Dei var det første bandet som fekk tre singlar rett inn på toppen av lista, og dei seks førsteplassane dei hadde var alle skrivne av Noddy Holder og Jim Lea. I 2006 hadde dei selt 6,5 millionar plater i Storbritannia, og den bestseljande singelen deira «Merry Xmas Everybody» har selt over ein million eksemplar.[2] I følgje ein BBC-dokumentar i 1999 hadde bandet selt over 50 millionar plater verda over.[3]

Etter ei mislykka flytting til USA i 1975, vart Slade mindre populære i Storbritannia, men vart uventa gjenoppliva i 1980 då dei i siste augneblink var erstatning for Ozzy OsbourneReading Rock Festival. Bandet erkjente seinare at dette var eit av høgdepunkta i karrieren. Den opphavlege besetninga vart oppløyst i 1992, men skipa opp att seinare på året som Slade II. Bandet har framleis, med ei rekkje besetningsendringar, halde på fram til i dag. Dei har òg forkorta gruppenamnet attende til Slade.

Ei rekkje artistar frå forskjellige sjangrar har sitert Slade som ein innverknad, inkludert Nirvana, Smashing Pumpkins, Ramones, Sex Pistols, The Undertones, The Runaways, The Clash, Kiss, Mötley Crüe, Poison, Def Leppard, Twisted Sister, The Replacements, Cheap Trick, Oasis, Quiet Riot (der to av dei tre største hittane deira var Slade-songar) og Britny Fox. The Illustrated Encyclopaedia of Music fortel om den mektige røysta til Holder, gitaristen Dave Hill si like fengslande speling, og bevisst feilstaving av songtitlane deira (til dømes «Cum On Feel the Noize» og «Mama Weer All Crazee Now») som dei vart godt kjente for.[4]

  1. «Slade - Biography - AllMusic». 2. august 2013. Arkivert frå originalen 2. august 2013. Henta 3. oktober 2021. 
  2. Roberts 2006, s. 506.
  3. «BBC Four - It's Slade». Bbc.co.uk. 12. april 2014. Henta 3. oktober 2021. 
  4. Du Noyer 2003, s. 84–85.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy