Sogndal kommune

61°14′N 7°5′E / 61.233°N 7.083°E / 61.233; 7.083

Sogndal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Sogndalsfjøra
Areal 1 257,89 km²
 •  land 1 230,89 km²
 •  vatn 27,00 km²
Folketal 12 319  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) (2023)
Kommunenr. 4640
Kart
Sogndal kommune
61°13′47″N 7°06′02″E / 61.229722°N 7.100556°E / 61.229722; 7.100556
Wikimedia Commons: Sogndal
Nettstad: www.sogndal.kommune.no
Bilete frå Sogndal ca. 1898-1900 tatt av fotograf Nils O. Reppen frå Reppen i Sogndalsdalen. Oksekjerra tilhøyrer Ingebrigt Nes som sit bak. Foran han sit Nils Hove, kjent som "Gamle-Nils". Tilhøyrer Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal er ein kommune i Vestland fylke. Han ligg langt inne i Sognefjorden og grensar til Luster i nord og aust, Lærdal i sør over fjorden, Leikanger i sør og vest og til Balestrand i nordvest. Folk frå Sogndalsfjøra kallar seg sogndøler, medan dei som er busette i Fjærland ofte kallar seg fjærlendingar, folk i Norane nører og folk på Kaupanger kaupingar.

Innbyggjartalet er fordelt på Sogndal (rundt 5000) og Kaupanger (rundt 1500), samt Fjærland (rundt 300).

I tillegg til å vera ei fotballbygd (SIL) blir Sogndal kalla «Saftbygda» - mellom anna kallar supporterlaget til SIL seg for Saftkokaradn. Dette mykje på grunn av Lerum Fabrikker som har avdelingar i bygda. I tillegg til fotballproffar fostrar Sogndal òg Idol-deltakarar. I den tredje omgangen av den norske versjonen av Idol i 2004, deltok Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy