Sommar-OL 1956

Dei 16. olympiske sommarleikar
Opna 22. november 1956, av Philip av Edinburgh
Avslutta 8. desember 1956
Utøvarar
Menn 2 813
Kvinner 371
Totalt 3 184
Dei olympiske leikane
Helsingfors 1952 Roma 1960

Sommar-OL 1956 vart avhelde i Melbourne i Australia. Sovjetunionen vart beste nasjon, medan Noreg tok éin gullmedalje (ved spydkastaren Egil Danielsen) og to bronsemedaljar.

På grunn av karantenereglar kunne ikkje hesteøvingane finna stad i Australia, og blei derfor i staden haldne i Stockholm i Sverige. Dette var første og så langt einaste gong øvingar frå dei same olympiske leikane blei haldne i ulike land.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy