Songen Goodbye Yellow Brick Road

Goodbye Yellow Brick Road
Singel av Elton John
frå albumet Goodbye Yellow Brick Road
B-side

«Screw You»

Utgjeve 15. oktober 1973
Innspelt Chateau d'Hierouville
Sjanger Poprock, glamrock, softrock
Lengd 3:11
Selskap MCA (US/Canada)
DJM Records
Tekstforfattar Elton John
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
«Saturday Night's Alright for Fighting»
(1973)
Goodbye Yellow Brick Road «Step into Christmas»
(1973)


«Goodbye Yellow Brick Road» er ein ballade av musikaren Elton John. Songen vart skriven av John med tekst av Bernie Taupin for albumet Goodbye Yellow Brick Road i 1973. Den musikalske stilen og produksjonen heller kraftig mot softrockstilen i 1970-åra. Songen fekk god kritikk og somme kritikarar har kalla han den beste songen hans.[1]

Songen kom ut i 1973 som den andre singelen frå albumet og gjekk inn på Topp 10 i både Storbritannia og USA. Det var ein av dei største hittane til Elton John og selde betre enn den førre singelen. I USA selde han til gullplate i 1974 og til platina i 1995.

«The Yellow Brick Road» er eit bilete henta frå filmen The Wizard of Oz frå 1939.

I 2010 rangert Rolling Stone songen som den 390. beste gjennom tidene.[2]

  1. Mason, Stewart. "Goodbye Yellow Brick Road". Allmusic. Henta 20. nov. 2011.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. juli 2013, henta 20. november 2011 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy