Sorry Seems to Be the Hardest Word

Sorry Seems to be the Hardest Word
Singel av Elton John
frå albumet Blue Moves
B-side

«Shoulder Holster»

Språk engelsk
Utgjeve 1. november 1976
Innspelt Eastern Sound, Toronto, Ontario, Canada
Sjanger Softrock
Lengd 3:48
Selskap Rocket Records
MCA Records (US/Canada)
Komponist Elton John
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John
Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
«Don't Go Breaking My Heart»
(1976)
Sorry Seems to be the Hardest Word «Bite Your Lip (Get Up and Dance!)»
(1977)


«Sorry Seems to Be the Hardest Word» er ein song skriven av Elton John og Bernie Taupin. Han vart spelt inn av Elton John og utgjeven i 1976, både som singel og på albumet Blue Moves. Det var den andre singelen hans på Rocket Records. Songen er ein sørgmodig ballade om eit romantisk forhold som er i ferd med å falle saman. Det var òg ein av dei få songane der Elton John sjølv skreiv det meste av teksten. Normalt var det Taupin som skreiv teksten på John-Taupin-songane.

Songen var ein hitt i USA og Storbritannia og nådde 11. plass i Storbritannia og sjetteplass i USA. Songen selde til gullplate i USA i 1977.[1]

Songen vart òg gjeven ut på Greatest Hits Volume II året etter, men på grunn av opphavsrettsårsaker finst han ikkje lenger på noverande utgåver av dette albumet. Han finst no på Greatest Hits 1976-1986, The Very Best of Elton John og på Greatest Hits 1970-2002, samt fleire andre samleplater.

Songen vert òg nytta mykje i filmen Slap Shot frå 1977.

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 128. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy