Space Oddity

Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå David Bowie (1969).
Space Oddity
Singel av David Bowie
frå albumet David Bowie
B-side

«Wild Eyed Boy from Freecloud» (1969)
«Velvet Goldmine» (1975)

Språk engelsk
Utgjeve 11. juli 1969
26. september 1975 (nyutgjeving)
Innspelt Trident Studios i London, 20. juni 1969
Sjanger Psykedelisk folk, spacerock
Lengd 5:15
Selskap Philips (UK)
Mercury (U.S.)
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Gus Dudgeon
David Bowie-kronologi 
«Love You Till Tuesday»
(1967)
Space Oddity «Ragazzo Solo, Ragazza Sola»
(1969)


«Space Oddity» er ein song av den britiske artisten David Bowie frå 1969. Songen vart gjeven ut på singel i juli 1969. Songen finst i to forskjellige versjonar frå 1969. Den opphavlege, og kortare, versjonen av songen (3:48) vart nytta i marknadsføringsfilmen Love You Till Tuesday. Den lengre, nyinnspelte, versjonen (5:18) vart gjeven ut som opningssporet på David Bowie i 1969.

Songen omhandlar den oppdikta astronauten Major Tom, som på mystisk vis forsvinn i verdsrommet, og kom ut i ei tid då det var stor interesse for romfart. Månelandinga til Apollo 11 skjedde berre fem dagar etter singelen kom ut,[1] og BBC spelte songen som ein del av dekninga av hendinga.

Utanom tittelen, som speler på filmen 2001: A Space Odyssey, er introduksjonen i songen berre så vidt høyrbar og byggjer seg opp på liknande vis som den djupe basstonen i Also sprach Zarathustra som vert mykje nytta i filmen.

Songen fekk Ivor Novello-prisen i 1969, i lag med Peter Sarstedt sin «Where Do You Go To (My Lovely)?». Det vart den første hitten til Bowie i Storbritannia og vart så kjend at det andre albumet til Bowie, som opphavleg vart gjeven ut som David Bowie i Storbritannia (det same namnet som debutalbumet) fekk nytt namn etter denne songen i nyutgjevingane som kom etter 1973. Då singelen kom ut på ny som ein del av ein maxi-singel i 1975, gjekk songen heilt til topps på den britiske singellista.[2]

Songen markerer på mange måtar starten for den kjende delen av karrieren til Bowie. Det var den første singelen hans for Philips og Mercury. Den første singelen som nådde topp 10 på singellista (og seinare toppen av lista i Storbritannia). Det er den første songen på plata og sidan den første songen på stort sett alle samleplatene hans. «Space Oddity» har på mange måtar definert Bowie, kanskje fordi songen er like skiftande som Bowie sjølv har vore. Det er ein song for kjærleiksbrot, ein eksistensiell voggesong, ein produkttest, ein alternativ romfartshistorie, eit kalkulert karrièresteg og symbolsk heilt til slutten på draumen til motkulturen. Det er ein barnesong, ein song om dop, ein song om død og markerer fødselen til den første suksessrike, mytiske rollefiguren til Bowie.[3]

Bowie skreiv om Major Tom i seinare songar òg, i «Ashes to Ashes», «Hallo Spaceboy» og «Blackstar». Den tyske songaren Peter Schilling hadde ein hit i 1983 med «Major Tom (Coming Home)» som er ei attforteljing av songen. I 2013 vart songen igjen populær då han vart spelt av den kanadiske astronauten Chris Hadfield ombord på Den internasjonale romstasjonen. Dette var den første musikkvideoen som vart filma i verdsrommet.[4]

I januar 2016 vart songen igjen populær på ny etter David Bowie døydde, og nådde tredjeplassen på iTunes den 12. januar 2016.

  1. Tara Bahrampour (11. januar 2016). «David Bowie dies at 69; mesmerizing performer and restless innovator». Washington Post. 
  2. Marknadsført som RCA Maximillion Series, 3 Tracks For The Price of 2 (RCA 2593). Songane var «Space Oddity», «Changes» og «Velvet Goldmine» (RCA 2593).
  3. Chris O’Leary. «Space Oddity». Pushing Ahead of the Dame. Henta 15. januar 2016. 
  4. Chris Hadfield sings "Space Oddity" in the first music video in space

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy