Sparks

Sparks

Sparks på TopPop, 1974.
Ron Mael (venstre) og Russell Mael
AliasHalfnelson
OpphavPacific Palisades i California i USA
AktivSidan 1966
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer

Sparks er ein amerikansk pop- og rockeduo danna av brørne Ron (klaverinstrument) og Russell Mael (vokal) i Los Angeles. Duoen er kjent for den sære tilnærminga si til låtskriving[1] og musikken deira er ofte akkompagnert av sofistikerte og skarpe tekstar, ofte om kvinner, og nokre gangar med litterære referansar,[2] og eit idiosynkratisk, teatralsk scenenærvær, karakterisert av kontrasten mellom den animerte, hyperaktive frontmannen og Ron si uttrykkslause skuling. Russell Mael har ei særeigen stemme, medan Ron Mael speler tangentar i ein intrikat og rytmisk stil. Dei har vore mykje meir suksessrike i Europa enn i heimlandet USA, sjølv om dei held oppe ei lojal fanskare i USA.

Høgdepunkt frå tidleg karriere inkluderte «This Town Ain't Big Enough for Both of Us», som nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1974. Discohiten «The Number One Song in Heaven» i 1979 kom frå eit samarbeid med Giorgio Moroder og markerte eit stilistisk skifte mot new wave og synth-pop. «When I'm With You», som kom på dei australske og franske singellistene i 1980; singelen «I Predict», som var første gongen Sparks gjekk inn på Billboard Hot 100, og nådde 60. plassen i mai 1982; singelen «Cool Places» frå 1983 med rytmegitaristen og songaren frå The Go-Go's, Jane Wiedlin, og «When Do I Get to Sing 'My Way'» , som var ein av dei mest spelte songane på radio i Tyskland i 1994.[3]

Deira ofte skiftande stilar og visuelle presentasjonar har halde bandet i forkant av moderne, kunstferdig popmusikk.[4][5] I 2002 kom Lil' Beethoven, som duoen sjølv erklærte som eit «sjangerdefinerande opus»,[6] smelta saman repeterande songstrukturar med orkestrale arrangement, og gav dei fornya kritikarsuksess. I 2015 gav bandet ut eit album med det skotske indierockbandet Franz Ferdinand , som supergruppa FFS, med tittelen FFS. I 2017 vende Sparks attende til rocken med Hippopotamus, som gjekk inn på UK Albums Chart på sjuandeplassen,[7] det same gjorde deira neste album, A Steady Drip, Drip, Drip, som kom i 2020, og førte talet på topp 10-plasseringar i Storbritannia opp til fire. I 2021 var Sparks involvert i to filmar: Leos Carax-musikalfilmen Annette som dei skreiv alle songane for (vann César-prisen for beste originalmusikk), og Edgar Wright-dokumentaren The Sparks Brothers som fortel om historia til bandet.[8][9]

  1. Dye, David (2006). «Sparks: Elegantly Whimsical». Npr.org. Henta 19. april 2022. 
  2. Alfvegren, Skylaire (4. november 1998). «Shooting Off Sparks». LA Weekly. Arkivert frå originalen 7. desember 2006. Henta 19. april 2022. 
  3. Ashlock, Jesse (2003). «Sparks profile». Epitonic.com. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 19. april 2022. 
  4. Taylor, J.R. «Lively Sparks». New York Press. Arkivert frå originalen 27. mai 2006. Henta 19. april 2022. 
  5. Easlea, Daryl (July 2003). «Sparks Interview». Record Collector Magazine Issue 287. 
  6. «Sparks Interview «Melting Down Beethoven» on musicohm.com». Arkivert frå originalen 22. desember 2007. Henta 19. april 2022. 
  7. Copsey, Rob (15. september 2017). «The National secure their first Number 1 on the Official Albums Chart with Sleep Well Beast: 'It means a lot'». Official Charts Company. Henta 19. april 2022. 
  8. Chiu, David (25. mai 2020). «Sparks' Ron Mael On The Duo's New Album, Upcoming Movie, And 50 Years Of Idiosyncratic Music». Forbes. Henta 19. april 2022. 
  9. «‘Lost Illusions’ Wins Best Film at France’s Cesar Awards». Hollywoodreporter.com. 25. februar 2022. Henta 19. april 2022. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy