Spinn

Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Spinn, rørslemengdmoment, impulsmoment, angulær impuls, dreieimpuls eller rotasjonsimpuls er ein vektorstorleik i fysikken knytt til rotasjon. Ein av dei grunnleggjande bevaringslovene i mekanikken slår fast at spinnet for eit isolert system i fysikk held seg konstant, og det må eit ytre kraftmoment til for at spinnet skal endre verdi eller retning.

I kvantemekanikk refererer det til intrisikk drivmoment for ein partikkel. Intrisikk tyder at spinnverdien ikkje er avhengig av noko eksternt punkt, i motsetnad til drivmoment. Spinn er ein viktig storleik i kvantemekanikk og statistisk fysikk sidan han styrer den kollektive oppførselen til ei samling av identiske partiklar. Spinn-statistikk-teoremet seier at partikler med heiltalig spinn, dvs. , er boson, som ikkje følgjer Pauliprinsippet, medan partikler med halvtalig spinn, dvs. , er fermion som følgjer Pauliprinsippet.

Storleiken spinn vart først introdusert av Wolfgang Pauli i 1927 som ein ekstra fridomsgrad som var naudsynt for å formulere Pauliprinsippet. Den første teorien der spinn var ein integrert del var den relativistiske skildringa til Paul Dirac av elektron i 1928.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy