Statthaldar

Statthaldar (frå nedertysk Statthalter, 'stadfortredar') er ei nemning på ein person som styrer eit større område på vegne av andre. Stillinga har hatt ulike tydingar gjennom tidene. I mellomalderen blei statthaldarar utnemnde av føydalherskarar som ikkje kunne styra direkte, gjerne på grunn av geografisk avstand. Statthaldaren hadde meir makt enn ein guvernør, men hadde ikkje krav på landområdet.

Noreg opplevde statthaldar-styre under unionane med Danmark og Sverige. I Nederland utvikla det mellomalderlege embetet seg til ei slags arveleg ikkje-kongeleg tittel i den nederlandske republikken på 1700-talet.

Ordninga liknar på titlar som den franske Lieutenant, den engelske Lord Lieutenant på 1400-talet, og den italienske Doge.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy