Stavanger Konserthus

58°58′36.930″N 5°43′10.895″E / 58.97692500°N 5.71969306°E / 58.97692500; 5.71969306

Stavanger konserthus, fotografert i 2013
Foto: Jarle Vines

Stavanger Konserthus ligg attmed sjøen i Sandvigå, 700 meter nordvest for torget i Stavanger, og vart offisielt opna 15. september 2012 av kronprins Haakon Magnus. Konserthuset har ein stor konsertsal for symfoniorkester og ein fleirbrukssal, restaurant og andre lokale, og ein publikumsfoaje over fleire høgder med store fasadar av glas mot sjøsida, og i tillegg eit stort amfi i friluft. Orkestersalen, som har fått namnet Fartein Valen etter komponisten Fartein Valen, har rektangulær grunnplan og 1500 sitjeplassar fordelt på parkett, tre balkongar og korbalkong. Fleirbrukssalen har namnet Zetlitz etter Jens Zetlitz (1761-1821), diktar og prest frå Stavanger, og er ein sal som kan endrast og tilpassast frå å vere forma som eit amfi til å vere ein sal med flatt golv, og frå å romme 800 sittande til 1900 ståande tilhøyrarar. Båe salane er rekna for å ha særs god akustikk, og lydisoleringa er så god at det seisast å vere mogleg å ha rockekonsert i den eine salen samstundes med ein symfonikonsert i den andre.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy