Stavanger Turistforening

Stavanger Turistforening (STF) er eit lokallag av Den Norske Turistforening (DNT). STF har nær 18.000 medlemmer, og 32 hytter i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark. Mellom hyttene er ca. 1000 km sti varda og merkt med den raude T'en.

Blant dei mest kjende hytter til SFT er Haukeliseter og Preikestolhytta.

I tillegg til å byggje og drifte hytter og løyper, arrangerer STF også mange turar, kurs og andre arrangement. I 2005 vart det arrangert over 300 turar og andre arrangement. STF har også ei aktiv ungdomsgruppe, tilknytt DNT-Ung.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy