Steinalderen

Steinalderen er den epoken i menneskeslekta si historie da ein hovudsakleg bruka reiskapar av stein og andre naturmateriale, men ikkje metall. Han er den lengste perioden i menneskehistoria, rundt 2,6 millionar år, med ei byrjing i den geologiske epoken pleistocen. Steinalderen har vart i ulik tid innan ulike menneskesamfunn — nokre samfunn har klart seg utan metall fram til våre dagar.

Perioden er den første i menneskehistoria der ein ser utstrekt bruk av teknologi, og ei spreiing av menneske til tidlegare ubebudde område. Han endar med utviklinga av jordbruket, domestisering av dyr og smelting av kopar. Han blir kalla ein førhistorisk periode, i den betydninga at han var forut for den nedskrivne historia.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy