Sterk kjernekraft

Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Sterk kjernekraft blir òg kalla nukleon-til-nukleon-kraft, kjernekraft eller den residuale fargekrafta og virkar mellom to eller fleire nukleon i atomkjernen. Han bind saman proton og nøytron slik at dei kan danne ein stabil kjerne.

I periodar har omgrepa den residuale kjernekrafta og den sterke kjernekrafta hatt noko ulike tydingar. Skiljet vart innført på 1970-talet i samband med utviklinga av kvantekromodynamikk (QCD). Før den tida vart kraftpotensialet mellom to nukleon omtalt som den sterke kjernekrafta, men med innføringa av kvarkar og gluon vart den sterke kjernekrafta assosiert med fargeeigenskapen til kvarkane. No brukar ein omgrepet fargekraft om den fundamentale kraftverknaden mellom kvarkane, medan sterk kjernekraft (igjen) skildrar kraftverknaden mellom hadron som baryon (til dømes nukleoner) og meson.

Sidan hadrona skal vere «fargenøytrale», er det på noko avstand ikkje nokre fargekraft (sterk vekselverknad). Men fargeladningen er ikkje symmetrisk fordelt i kvarkane, og dette gjev opphav til ein residual fargekraft. som vil kunne kople til residual fargekraft frå nabonukleona. Denne fell raskt av, typisk 1/r7 på avstandar over fermi radius (omtrent radiusen på eit proton), og er difor praktisk utan kopling til andre enn nabonukleona.

Balansen mellom sterk kjernekraft mellom nabonukleona og coulombkraft frå elektromagnetisk fråstøyting mellom protona er avgjerande for oppbygginga til atomkjernen, stabilitet og bindingsenergi.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy