Steve Harris | |||
Steve Harris på scenen i 2008 | |||
Fødd | 12. mars 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Leytonstone i Essex i England | ||
Fødenamn | Stephen Percy Harris | ||
Alias | 'Arry | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1972 til i dag | ||
Sjanger | Heavy metal, hardrock | ||
Instrument | Bassgitar, klaverinstrument, vokal | ||
Kjende instrument | Fender Precision Bass | ||
Stemmetype | bassrøyst | ||
Tilknytte artistar | Iron Maiden, Lauren Harris, Smiler, Gypsy's Kiss | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Born | Lauren Harris |
Stephen Percy «Steve» Harris (fødd 12. mars 1956) er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han er best kjend som bassist og den viktigaste låtskrivaren i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han er det einaste medlemmmet i Iron Maiden som har vore med sidan starten i 1975, i lag med gitaristen Dave Murray.
Harris har ein gjenkjenneleg og populær spelestil på bassen, særleg den «galopperande» stilen som ein kan høyre på fleire Iron Maiden-songar, som singlane «Run to the Hills» og «The Trooper». I tillegg til å spele bass, skrive låtar og synge korvokal, har han hatt andre roller i gruppa, som å produsent og medprodusent, regissør for konsertvideoane deira, og spele klaverinstrument og synthesizerar i studio. Han har blitt omtalt som ein av dei beste heavy metal-bassistane.
Den 24. september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.