Steve Morse

Steve Morse

Steve Morse på scenen med Deep Purple i Canada 2005
Fødd28. juli 1954 (70 år)
FødestadHamilton i Ohio i USA
FødenamnSteven J. Morse
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
Sjangerinstrumentalrock, progressiv rock, hardrock, heavy metal, jazzfusion[1]
InstrumentVokal, gitar, bass, tangentinstrument, banjo
Kjende instrumentMusic Man Steve Morse Signature gitar, Fender Telecaster
Tilknytte artistarDixie Dregs, Kansas, Deep Purple, Living Loud, Angelfire, Flying Colors
Verka somMusikar, låtskrivar

Steven J. «Steve» Morse (fødd 28. juli 1954) er ein amerikansk gitarist og låtskrivar, mest kjend for å ha starta bandet Dixie Dregs og som gitarist i Deep Purple sidan 1994. Karrieren til Morse har omfatta rock, country, funk, jazz, klassisk musikk og ei blanding av desse sjangrane. I tillegg til ein blømande solokarriere hadde han ei kort stund i bandet Kansas på midten av 1980-åra.

Steve Morse medverka til det «nye» Deep Purple med sin unike spelestil og har per 2012 medverka på Deep Purple-albuma Purpendicular frå 1996, Abandon frå 1998, Bananas i 2003 og Rapture of the Deep i 2005.

  1. Steve Huey The Dixie Dregs. Allmusic

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy