Stortingsvalet 2005

██ Sosialistisk Venstreparti (15) ██ Arbeiderpartiet (61) ██ Senterpartiet (11) ██ Kristeleg Folkeparti (11) ██ Venstre (10) ██ Høgre (23) ██ Framstegspartiet (38)

Stortingsvalet 2005 vart skipa til i Noreg den 12. september 2005. Ved dette stortingsvalet auka talet på stortingsrepresentantar frå 165 til 169. Talet på utjamningsmandat auka frå 8 til 19. 3 421 741 personar hadde røysterett ved valet, og 77,4 % av dei røysteføre røysta. Dette er 1,9 prosentpoeng fleire enn ved stortingsvalet i 2001.

Partia Kristeleg Folkeparti, Høgre og Venstre ynskte å halda fram i den andre Bondevikregjeringa. Desse partia hadde den sitjande statsministeren, Kjell Magne Bondevik, som sin statsministerkandidat. Ein raud-grøn allianse på venstresida av partia Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet samarbeidde nært i valkampen. Dei ynskte å danna ei fleirtalsregjering. Deira statsministerkandidat var Jens Stoltenberg. På borgarleg side (høgresida) vart det uvisse etter at Carl I. Hagen, leiar av Framstegspartiet, gjorde det klart at partiet ikkje ynskte Bondevik som statsminister.

I dagane før valet veksla meiningsmålingane mellom knapt fleirtal til venstresida og høgresida. Allereie valnatta vart det klart at dei raudgrøne kom til å vinna, og Bondevik varsla då at han kom til å ta avskil med politikken etter 25 år som politikar. Etter at alle røystene var talde opp klokka 12.00 dagen etter, vart det eit klart fleirtal for venstresida som fekk 87 mandat mot høgresidas 82 mandat.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy