Straffeloven

Straffeloven (Almindelig borgerlig Straffelov, lov 22. mai 1902, i kraft 1. januar 1905, ofte forkorta strl.) er ei norsk lov som inneheld dei mest sentrale reglane om straff.

Straffelova avløyste kriminallova av 1842. Lova består av tre delar, første del omhandlar generelle reglar som er eins for alle lovbrot, andre del brotsverk (bokmål: forbrytelse), tredje del misferder (bokmål: forseelser). Med mindre anna er sagt, gjeld dei alminnelege reglane også for alle straffereglane i andre love r.

Lova vart sett i kraft av ei eiga ikrafttredingslov, «Lov om den almindelige borgerlige Straffelovs Ikrafttræden» (ofte nytta kortform strl. ikrl.).[1] Straffelova er framleis i kraft men er blitt endra ei rad gonger. Mange av endringane er blitt greidd ut av eit sakkunnig utval, Straffelovrådet, før 1949 kalla Straffelovkomitéen.

1902-lova er i stor grad verket til professor og riksadvokat Bernhard Getz som leia straffelovkommisjonen av 1895.

Straffelova er for tida under revisjon og ei heilt ny straffelov er på veg. Dei allminnelege reglane i straffelova vart vedteke våren 2005, men er ikkje sett i kraft.[2]

  1. Lov om den almindelige borgerlige Straffelovs Ikrafttræden, lov 22. mai 1902 nr. 11
  2. Lov om straff (straffeloven), lov 20. mai 2005 nr. 28

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy