Surfing

Surf-Riders, Honolulu (1919). Tresnitt av Charles W. Bartlett.
Surfaren Allen Sarlo driv med surfeopplæring (2003).

Surfing er ein idrett som går ut på å balansera på noko, som regel eit brett, som blir drive fram av bølgjer. Idretten oppstod i Polynesia, med Hawaii som eit velkjent døme. På Hawaii blei han nesten trengd ut av kristne misjonærar, men oppstod igjen på 1900-talet og blei spreidd til Australia og California, der ein utvikla lettare surfebrett. I dag driv ein med surfing over store delar av verda, i havet, elver, innsjøar og basseng.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy