Synd

Die Sünde (1893) av Franz von Stuck.

Synd (av norrønt synd) er eit religiøst omgrep som kan visa til tilstandar, handlingar, tankar eller ytringar knytt til ureinskap, manglar eller feil i høve til ei rettesnor.[1] Synd er eit sentralt omgrep i jødedommen, kristendommen og islam; det finst òg i andre religionar, som i buddhismen og hinduismen. Omgrepet kan vera ei forklaring på liding og død, eit grunnlag for straff og eit hinder for frelse. Ein kan forstå synd som noko som kan fjernast gjennom eigne handlingar, eller som noko berre ein guddom kan taka bort.[2]

  1. «synd» i Nynorskordboka. og Den Danske Ordbog
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy