Syre

For syreplantar, sjå syreslekta.

Ei syre er eit stoff som kan gje frå seg H+ ioner (proton), syra kan reagera med ein base og danna eit salt og har pH-verdi under 7 i vassløysning. Sterke syrer er fullstendig protolyserte i vatn, medan svake syrer berre er delvis protolyserte. Det vil seia at ikkje all syra reagerer med vatnet.

Generelt kan ein reaksjon mellom ei syre og vatn skrivast slik:

HA + H2O <--> H3O+ + A-

Ein skil mellom organiske og uorganiske syrer. Aminosyrer og karboksylsyrer er organiske syrer. Dei sterkaste syrene, som svovelsyre, er uorganiske.

Ei einprotisk syre er ei syre som gjev frå seg 1 proton (H+). Ei fleirprotisk syre er ei syre som gjev frå seg to eller fleire protoner (H+)


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy