Szczecin | |||||
---|---|---|---|---|---|
Oder i Szczecin | |||||
| |||||
Motto «Szczecin jest otwarty» (Szczecin er open) | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Vestpommerske | ||||
Grunnlagd Byrettar |
700-talet 1243 | ||||
Borgarmeister | Piotr Krzystek | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
301 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik - Storbyområde |
410 809 1365/km² 777 000 | ||||
Koordinatar | 53°25′0″N 14°35′0″E / 53.41667°N 14.58333°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | PL-70-017 til 71-871 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 91 | ||||
Bilnummer | ZS | ||||
Nettstad: www.szczecin.pl |
Szczecin (tysk Stettin, kasjubisk Sztetëno; latinsk Stetinum) er ein by i Polen og hovudstaden i Vestpommerske voivodskap. Han er den sjuande største byen i landet og har den største hamna ved Austersjøen. Byen har om lag 410 000 innbyggjarar.
Szczecin ligg ved elva Oder, sør for Stettiner Haff og Pommernbukta. Byen ligg langs sørvestsida av Dąbiesjøen, på begge sider av Oder, og på fleire større øyar mellom den vestlege og den austlege greina av elva.
Szczecin grensar til Police - ein mindre by ved Oder.