Teide | |||
fjell | |||
Teide
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Område | Tenerife | ||
Fjelltype | Stratovulkan over ein skjoldvulkan | ||
Høgd | 3 715 moh. | ||
Primærfaktor | 3 715 m m | ||
Siste utbrot | 1909 | ||
Lettast tilkomst | Kravling | ||
Førstestiging | 1582 av Sir Edmund Scory | ||
Koordinatar | 28°16′15″N 16°38′21″W / 28.27083°N 16.63917°W | ||
Teide 28°16′22″N 16°38′37″W / 28.272638888889°N 16.643611111111°W | |||
Wikimedia Commons: Teide |
Teide eller El Teide er ein aktiv, men sovande vulkan på Tenerife på Kanariøyane. Han hadde sist utbrot i 1909 frå El Chinyero-ventilen i Santiago-rifta. Vulkanen og det omliggande området er ein del av Teide nasjonalpark (Parque Nacional del Teide). Parken dekkjer eit område på 189 km² og vart erklært ein verdsarvstad av UNESCO i juni 2007.[1]
Med ei høgd på 3715 meter over havet, og om lag 7500 meter over havbotnen i Atlanterhavet, er Teide det høgaste fjellet i Spania, det høgaste punktet i Atlanterhavet, og det 13. høgaste fjellet i EU.[2] Øya Tenerife er i seg sjølv den tredje største vulkanske øya på jorda ut i frå volum. Teide er den tredje høgaste vulkanen på ei vulkansk øy.[3] Han er òg ustabil og kanskje i større fare for å falle saman enn den meir omtalte Cumbre Vieja.[4] The United Nations Committee for Disaster Mitigation har erklært Teide som ein dekadevulkan,[5] på grunn av dei tidlegare kraftige utbrota og nærleiken til fleire store byar. Dei største byane er Garachico, Icod de los Vinos og Puerto de la Cruz.
Teide dannar i lag med nabofjella Pico Viejo og Montaña Blanca Det sentrale vulkankomplekset.