Telemarkskanalen

Telemarkskanalen
Slusene ved Vrangfoss i Bandakkanalen, ein del av Telemarkkanalen, på 1880-talet.
Foto: Axel Lindahl/Nasjonalbibliotekets arkiv

Telemarkskanalen er ein kanal i Telemark som hovudsakleg blei bygd for transport av varer og passasjerer, tømmerfløting og for å hindre flaum. Då han stod ferdig blei kanalen omtala som «det åttande underverket

Telemarkskanalen er sett saman av to opphavlege kanalar. «Norsjø-Skienskanalen», med slusene i Skien og ved Løveid vart bygd i tida 18541861 og er den eldste av dei to kanalane. Den andre opphavlege kanalen, «Bandak-Nordsjøkanalane», vart opna i 1892.

Telemarkskanalen har 18 slusekammer, er 105 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 72 meter. Det største sluseanlegget er Vrangfoss som har fem slusekammer og ei løftehøgd på 23 m. Passasjerbåtane MS «Henrik Ibsen» og MS «Victoria» går i turisttrafikk frå Skien til Dalen i Tokke kommune. «Victoria» har trafikkert Telemarkskanalen sidan 1870.

Etter at «Norsjø-Skienskanalen» opna vart det sett i gang båtbygging ovanfor slusene.[1]

  1. http://www.langesundsjomannsforening.com/upload/files/historien_om_seilskipene_bygd_ovenfor_slusene__vf.pdf[daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy